Det er menneskelig å gjøre feil. Av og til (eller egentlig i de fleste tilfeller) er det best å legge seg flat når man har gjort en feil, eller kanskje til og med å krype slik en av de største dikterne våre, Jakob Sande har sagt det i diktet "Eg kryp"
Eg kryp for dei store og heilage menn 
- for keisar og konge og pave.
Eg dillar på rova for slag og for spenn,
med ryggen min krøkt som ein klave.
Eg bukkar og skrapar for klokkar og prest
som preikar so vent på stolen,
og krøkjer so ryggbeinet knakar og knest,
for bispen med kors på kjolen. -
Og råkar eg fram på ein høglærd mann,
med briller, og skolt utan hår på,
då kryp eg på fire som best eg kann,
og kysser den jord han går på.
Og råkar eg doktor og skrivar og fut, og
lensmenn, og sovorne gutar,
då sig eg ihop som ein vaskeklut,
og djupt meg til jordi lutar.
For eg byggjer mitt liv på eit ord eg fann:
«sæt ei Eder op mot det Onde.»
So krøkjer eg rygg for den mektige mann
so djupt som ein skattetyngd bonde. –
Jakob Sande: «Dikt i samling» - (Opprinnelig fra «Svarte næter») Gyldendal Norsk Forlag 1965

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar